![]() |
Arbeidarpartiet feirar hundre år i Odda. Statsminister og partileiar Jens Stoltenberg vart møtt med varme og entusiasme då han kom for å helse partivennar og folk flest i den gamle industribastionen inst i Hardanger.
TEKST: Jo Heinum
FOTO: Trygve Bolstad
- Odda er blant stadane i landet der grunnsteinane til det moderne Noreg vart lagt.
Utbygginga av vasskrafta og industrien som bygde på denne krafta, har jo vore sjølve grunnlaget både for bygginga av landet vårt og for utviklinga av den norske arbeidarrørsla. Som så mange andre stadar sprang stiftinga av Arbeidarpartiet i Odda ut av det gryande industrimiljøet. Anleggsarbeida for kraftanlegga i Tyssedal og bygginga av smelteverket i Odda gav grobotn for organisering av ei politisk og fagleg arbeidarrørsle i Odda, sa Stoltenberg til dei mange frammøtte på jubileumsmiddagen for Odda herreds Arbeiderparti på Bokkotunet.
Han mintes då han besøkte Odda som næringsminister i 1996.
- Då sa eg at ”Ingen er skikkeleg industriminister før dei har besøkt Odda. Dette er Vasskraft- og Industri-Noreg sin opphavsstad."
Han peikte samtidig på at historia om Odda òg har vore historia om eit industrieventyr med opp- og nedturar, med konkursen for Odda smelteverk AS i 2003 som eit førebels siste kapittel.
- Odda opplevde globaliseringa lenge før ordet globalisering var oppfunne, fordi industrien i Odda svinga med stigande og søkkande etterspurnad internasjonalt, med mykje utanlandsk eigarskap. På dei 100 åra som har gått har det skjedd store forandringar i Odda. Men de viser at Odda-samfunnet framleis er liv laga. Og det er den viktigaste grunnen til at eg er glad for å vere her. Odda herreds Arbeiderparti har ei stolt fortid, men de har i høgste grad også ein plass og ei rolle i notida. Og på ein dag som dette skal vi ikkje berre sjå tilbake på historia, men vel så mykje bry oss om notid og framtid. De er opptekne av å bringe Odda-samfunnet framover, og vi må no jobbe saman for å sikre lokalsamfunnet si vidare utvikling, sa Stoltenberg.
FOLKVORD: – ODDA TRENG VALSIGER
Jens Stoltenberg vart teken vel imot av Ap-ordførar Gard Folkvord, som òg fekk drøfta Odda-samfunnet si framtid under fire auge med statsministeren. Han er klar på at fire nye år for regjeringa er svært viktig for lokalsamfunnet.
- Den store saka for oss, og for Odda si framtida, er ei avklaring av kva som skal skje med det nedlagde smelteverket. Tomta utgjer halve Odda sentrum, og verket står no og forfell. Dersom storsamfunnet definerer verket som eit kulturminne som skal vernast, må storsamfunnet òg stille med pengane som trengs for at verket kan opprustast og bli den dokumentasjonen av norsk industireising som ligg bak vernetanken.
- Det blir arbeidd med ein såkalla seriesøknad til Unesco om at Odda, saman med Notodden og Rjukan, skal kome inn på verdsarvlista. Desse samfunna fortel historia om korleis eitt av Europas fattigaste land starta vegen mot å bli det rikaste ved hjelp av kraftutbygging og industrireising. Så tanken er god, men utan betydeleg pengehjelp blir det heilt håplaust, seier Folkvord.
Kultur og reiseliv står sentralt i planane for næringsutvikling i den gamle industrikommunen.
- Før kraftutbygginga og industrireisinga var Odda eit vidgjete turistmål. Mange forfattarar har òg tilknyting til Odda. Vi har tru på dette, og vi har tru på at ei regjering som har vist å prioritere fellesskapssatsing og kultur, kan gje oss viktig støtte om ho får halde fram etter valet, seier Folkvord.
Odda-ordføraren er òg full av lovord om regjeringa si satsing på kommunane.
- Eg synest vi er for lite flinke til å få fram løftet som vår regjering har gitt kommunane. Vi vil ikkje tilbake til Jern-Erna si svelteforing. Vi vil ha økonomisk rom for optimisme og framtidstenking. Då er det utruleg viktig at denne regjeringa får halde fram.