![]() |

I over 20 år har Lise og Liv-Merete jobba med medlemmane i Arbeiderpartiet.
Tekst: Bjørn Tore Hansen Foto: Adrian Nøttestad
Mange har kome og gått. Nokon har meldt seg inn, ut og inn igjen, mens dei to sprudlande damene på Youngstorget alltid sørgjer for at du får svar på spørsmåla dine.
– Dei vanlegaste spørsmåla vi får, er om medlemma har betalt. Spørsmål om purring, navnebyte
og lagbyte dukkar også ofte opp. For ikkje å gløyme vervepremiar, kor mange medlemma dei har verva, og kor mange år dei har vore medlem, fortel Lise Nyland og Liv-Merete Svendsrud Moe.
Dei merkeligaste spørsmåla damene har fått, handlar om at nokon tar for gitt at vi veit mykje om medlemmane våre.
– Det var ein som ringte og var sikker på at han var medlem, fordi han alltid hadde stemt på Arbeiderpartiet, men ein slik autoinnmelding finnes jo ikkje. Medlemmane må aktivt meldes inn, smiler Lise.
Samtidig får Liv-Merete ein telefon frå eit forundra medlem. Han trudde Arbeiderpartiet visste at han hadde blitt pensjonist, fordi vi sit på fødselsåret til medlemma.
– Nesten alle er hyggelige folk som bare har eit spørsmål eller to, som vi fort kan finne ut av, legg Nyland til.
Vidare oppfordrar dei alle nye og gamle medlemmar til å ta kontakt med lokallaget.
– Vi håpar alle nye og gamle medlemmar følgjes godt opp av sitt lokale lag, og kommuneparti. Viss dykk ikkje hører noko, håper eg dykk tar kontakt, hald Liv-Merete fram, som også oppfordrar medlemmane til å bruke nettsamfunnet vårt, mittarbeiderparti.no, for å få kontakt med andre medlemmar og bli med i diskusjonar om det du er mest interessert i.
Til slutt oppmodes du til å verve vidare.
– Spør vener, naboar og familie som du trur er einig i verdiane til Arbeiderpartiet. Ikkje gløym
verveblokka.